Gjevarteneste

Fast gjevarteneste med Skattefrådrag gjev organisasjonen vår betre oversikt over kva vi kan rekna med av inntekter. Det hjelper også deg til å ha orden på gjevartenesta di. For å gjera det enklast mogeleg for deg å verta fast gjevar, tilrår vi deg å bruka AvtaleGiro som betalingsmåte. I tillegg til at det er enkelt for deg, så er det også kostnadsparande for oss alle. Men, du kan også få tilsendt giroblankettar. Du kan også nytta denne blanketten dersom du vil dela gåva med andre, for eksempel Indremisjonsforbundet sentralt.

Beløpsgrensa for gåver med skattefrådrag er kr. 12.000 pr. person pr. år (2006). Dette medfører at du kan redusera skatten din med inntil kr. 3.360. For å få skattefrådrag er minste årlege gåvebeløp kr. 500.

Fyll ut kupongen, og vi ordnar resten. Frå du har sendt inn kupongen vil det ta ca. 1 månad til ordninga vert sett i verk. Ynskjer du hjelp til å fylla ut kupongen, ta gjerne kontakt med formann i Jondal Indremisjon, Svein Johan Bakke,

tlf. 53 66 85 49 el. ImF, tlf. 56 31 42 40.

Ektefelle må fylla ut kvar sin kupong for at begge skal få skattefrådrag. Kontakt formann Svein Johan Bakke dersom du ynskjer fleire avtaleskjema.

Last ned AvtaleGiro.

Du treng Adobe Reader for å lese dokumentet. Programet kan du laste ned gratis her.