Stikk Innom

”Stikk Innom” er Jondal Indremisjon sitt ungdomsarbeid.

Me har samlingar ca annankvar fredag kl 20- 23 på bedehuset. Det vil seia om lag 10 samlingar kvart halvår.

Fast leiarar: Lars Årvik, Per Egil Refvik, Lise Marit Fjellås, Trygve Myrlid og Randi Byrkjenes

I løpet av kvelden har me andakt, og det har vore bra med ungdommar også på dei, og det ser me svært positivt på. Lokale krefter vert nytta til å halda andakt, men det hender at me får vitjing frå Framnes eller andre som er på besøk i bygda og talar på møte.

Det har vore bra oppmøte på Stikk Innom ca 20 – 40 ungdommar pr. kveld.

Me har hatt forskjellige aktivitetar som Biljard, bordtennis eller berre sitja og snakka med vener og slappa av.

Det har vore sal av hamburgar, vaflar og brus.

Konfirmantforeldrene stiller opp og hjelper til med det praktiske. Noko som har vore til stor hjelp.

ÅRSMELDING FOR “STIKK INN OM” 2017

“Stikk inn om” fungerer som ein møteplass for ungdommen i rusfrie omgjevnader.
Me har i året som har gått hatt omlag 15 samlingar.

Annankvar fredag samlast ungdom frå 14 år og oppover frå kl. 20 til 23. Tilboda med andakt, biljard, bordtennis, airhockey, musikk og matservering ser ut til å fungera godt.
Quiz har vore populært fleire gonger dette året. Vonar at me kan tilby quiz dei fleste gongene det er «Stikk innom».
Når det gjeld matserveringa har Pizza vorte det store og det er ganske enkelt å laga til også. Me kjøper inn Grandiosa når dei er på tilbod.
Betalingsterminalen fungerer framifrå. Vipps kan også nyttast ved betaling no.
Me har hatt to besøk to dette året av ei ungdomsgruppe på 20- 30 personar frå Loddefjord menighet. Desse besøka er svært positive for «våre» ungdommar. Mange kom att på laurdagen under desse besøka.
Også dette året har me hatt trufaste leiarar som annan kvar fredag har sett av tid til arbeidsdugnad. Dette gjeld Lars Aarvik, Lise Marit Fjellås, Per-Egil Refvik og i haustsemesteret, Randi Byrkjenes. Eli Galtung Torsnes var med i vårsemesteret. Ho spurde om å få sleppa ansvar denne vinteren og er innstillt på å vera med igjen frå hausten. Per Egil Refvik har hatt ei god hand med innkjøp og plakatar.
Ein stor takk til alle som har teke del i tenesta. Og til presten og lokale andaktshaldarar som har vore velvillige, i tillegg forkynnarar frå IMS.

Marit Ådnanes er oppteken av at Framnes kan kome meir på banen når det gjeld Stikk Innom. Vonar at me får til at ungdommar kan koma på besøk igjen frå Framnes.

Sist men ikkje minst: Takk til alle som bed for arbeidet. Ungdomane er lydhøyre for Ordet som vert forkynt og me er også takksame for at Herren kallar nye leiarar til arbeidet.
Utan Gud arbeidar me fåfengt!

Jondal, den 14. februar 2018

Ansvarleg for organiseringa:

Liv Helga Gulestøl og Helge Gunnar Byrkjeland

Det kan i tillegg nemnast at Per Egil Refvik vert ansvarleg frå hausten 2018.

Nokre bilete: