Årsmelding

Årsmelding for Jondal indremisjon 2017

Andakt av Helge Gunnar Byrkjeland «Gud gjer sjølv si gjerning»
Joh 6:28-29: Dei sa då til han: «Kva skal me så gjera for å gjera Guds gjerningar»? Jesus svara og sa til del: «Dette er Guds gjerning, at de skal tru på den som han har sendt.”
Lenge trudde eg at dette ordet fortalde oss at det er ein heilt spesiell gjerning som Gud har bedt oss om å gjere, at det er gjerningen å tru på Han, og at det berre er denne eine «gjerningen». Men eg kom til å lesa dette ordet i ein tysk Bibel, og der sto det at det er Guds gjerning at me trur på Han! Altså er ikkje trua noko som me får til å gjera, men eit under som Gud gjer. Det å tru er ikkje noko som me får til. Mange slit seg ut med å prøve å få til å tru.
Ingen kan kommandere meg til å ha tillit til nokon som eg ikkje kjenner. Ettersom eg lærer personar å kjenne, veit eg om eg kan stole på dei eller ikkje.

Når eg høyrer Guds Ord, når eg les Guds Ord, når eg høyrer korleis folk står
fram og seier kva Jesus betyr for dei og kva Han har gjort for dei, får eg tillit til at Ordet om Jesus er pålitande. Eg får tillit til Jesus.

I Ef 2:8-9 kjem det særs tydeleg fram at det er Gud som er den aktive parten når menneske kjem til tru på Jesus. «For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve. Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rose seg.»
Kvifor vert ikke alle kristne når det er Gud som skaper trua i oss? På dette punktet meiner eg at svaret er greitt. Gud tvingar ingen til å tru når dei ikkje vil. Dei som ikkje vil tru, vert ikkje pådytta denne gåva. Spørsmålet vert såleis til sjuande og sist om me vil ha med Gud å gjere.
Til dei som ynskjer å tru på Jesus, heiter det i Matt 7:7 «Be, så skal de få. Leit, så skal de finne. Bank på, så skal det latast opp for dykk.»

Gode indremisjonsvener !
Nok eit rikt arbeidsår ligg bak oss. Me har mykje å gle oss over, sjølv om me skulle ønskje å nå enda lenger ut. Det hadde vore til inspirasjon for leiinga / leiarane at fleire av medlemene sluttar opp om tilskipingane våre.

Særleg ønskjer me å nå dei unge familiane og ungdomen med evangeliet. Trufaste leiarar står i tenesta år etter år. Takk til alle som held misjonsarbeidet opp gjennom forbøn og som støttar arbeidet økonomisk. Men først og fremst vil takksemda vår retta seg til vår Herre og oppdragsgjevar for at Han vil bruka oss i si heilage teneste.

Aktiviteten har vore mykje den same dette året som føregåande år. Me når mange med Ordet på tilskipingane våre. Frammøte har auka litt på Ving og vore variabelt på ”Stikk innom

Korleis kan me styrkja kvarandre i trua og å vera tenarar i Guds rike? ? Kva tankar har me for indremisjonsarbeidet i vår foreining og for menneska i bygdene våre?
Me er opne for at yngre krefter må få høve til å vera med å endra møteformer / lovsong.m.m. Ansvar for verksemda må overførast til nye generasjonar, samstundes som det «gamle evangeliet» lyder som før

Vi har ein visjon om å skapa varme og inkluderande kristne felleskap og vinna nye for Jesus og gjera dei til Hans disiplar

IMS rår til at me må skipa ”livsnæregrupper” det vil sei skipa bibelgrupper/samtalegrupper for å styrkja fellesskapet menneskeleg og åndeleg. Dette har vore vanskeleg i praksis å gjennomføra og er framleis eit bøneemne.

I tillegg må me har fokus på nestekjærleiksbodet ( gjera godt mot kvarandre, vera omsorgsfulle) både mellom oss og i høve til alle menneske. Med andre ord me må ta på alvor trua vår slik Jesus har sagt i sitt Ord.

Kvart menneske er umisteleg for Gud og fortapt utan Jesus. Då blir det stort og meiningsfylt å vera med i arbeidet, enten det er mellom born/unge eller vaksne. Vi har ulike oppgåver, men står saman i eit felles kall. Bibelen løftar dette fram for oss i Matt 9, 37-38. Då sa han til læresveinane: ”Grøda er stor , men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si”. Vår bøn må vera at Den Heilege Ande påverkar oss alle til eit rikare kristenliv og teneste i Guds rike.

Me tek oppatt etternemnde avsnitt frå årsmeldinga i føregåande år:
Frå Indremisjomsforbundet har me fått eit dokument som gjev oss råd i kyrkjesituasjonen anno 2015/2016. ImF har sendt ut ein uttale med tre konkrete råd i samband med at Den norske kyrkja har innført som si offisielle læra at Gud velsignar tilhøve som Bibelen utrykkjeleg seier er synd og årsak til at menneske ikkje vil arva Guds rike ( 1.Kor 6:6-9.)
ImF gjev følgjande tre råd i kyrkjesituasjonen:
1. Klargjer ditt tilhøve til Bibelen.
2. Vær med og bygg den kristne forsamlinga på bedehuset.
3. Du må gjera eit bevist val vedkomande medlemskap i Dnk. Den einskilde må altså treffa eit val som samvetet – bunde i Guds ord – kan leva med.

”ImF oppmuntrar alle truande til bøn for dei åndelege tilhøva i landet vårt. Temaet bør stå på bønelista både i vårt personlege bøneliv, husandakten og i forsamlinga. Aller viktigaste er at den einskilde syner truskap mot Guds ord og det kall som Jesus Kristus har gjeve oss, nemeleg at omvending og syndenes tilgjeving skal forkynnast for folket vårt og alle folkeslag.”

Dei som ønskjer kopi av dokumenta frå ImF kan venda seg til styreleiar.

Helge Gunnar Byrkjeland og Lillian Skippervik har vore til god hjelp som god lokale forkynnar også dette året. Dette er me svært takksam for.

Det har vore vanskeleg å prioritera samtale – og bønemøte. Her må vi finna ei møteform som inkluderer fleire med same innhald som tidlegare. Styret vil no gje tilbod om bibelellesing ein dag i månaden i bedehuset som ei prøveordning.

Elles legg me vekt på at alle samlingar i bedehuset skal vera opne for dei som ynskjer å høyra Guds Ord og at alle skal føla seg velkomne.

Det må det nemnast at me har fått mange positive tilbakemeldingar i samband med minnesamvær. Me er takksame for at Egil Strømme og Haldis Bakke er trufaste og organiserar eit viktig arbeid, i tillegg ein del andre.

Medlemstalet i Jondal Indremisjon i 2016 har vore 30 som har betalt kontingent.
Fleire som har vore medlemer tidlegare har truleg gløymt å betala. Me har ikkje sendt ut eigen betalings påminning. Det er viktig å betala medlemspengar, dersom me skal søkja mellom anna om kommunale kulturmidlar. Samstundes synleggjer det kven som er positive vil arbeidet vårt.

Medlemstalet i Ving: sjå eiga årsmelding. I ”Stikk innom” er det ikkje medlemsteikning.

Det har vore følgjande møte i bedehuset med talarar utanfrå:

Januar 24.- 27. :Marit H. Ådnanes – IMS
Mars: 17,-19.: Olav Eikemo – IMS
Mars: 21- 23.: Kurt Urhaug Evangelisten
September: 05: Norland – NLM
September: 10: Rune Ludviksen og songkor, Blomsterdalen bedehus
September: 21.-24.: Kåre Johan Hamre IMS
Oktober: 25: Inge Augestad, Samemisjonen

Årsmøte 2017: Andakt ved Lillian Skippervik

Festar på bedehuset:
Påskefest: Talar Ingebrigt Sørfonn – IMS
Familiejulefest 5.dag jul: Talar Cecilie E. Vestbøstad
Basarar:
Bedehusbasaren den 30.09. Andakt ved Lillian Skippervik
Bruttoinntekt: om lag kr 60 000,-

Julemesse: Den 25.11. Andakt og boksal ved Liv Rolfsnes. Bruttoinntekt om lag
kr. 48 000,- + boksal om lag kr.10. 000,- til inntekt for Sunnbok på Stord.

Førjulssamling : Vi var om lag 30 personar frå Jondal Indremisjon og Herand Indremisjon
samla til sosialt samvær med mat og litt program. Dette var vellukka.
Andakt ved Lillian Skippervik

Faste tilskipingar:
Ving kvar /annankvar torsdag i skuleåret (eiga melding vert lagt fram på
årsmøtet)
”Stikk innom” omlag kvar 14.dag i skuleåret (jfr.eiga årsmelding)

Leiarar for Ving:
Liv Helga Gulestøl, Haldis Bakke, Aila Torsnes,
Lars Flatebø og Lars Øgård .

Leiarar for ”Stikk innom”:
Liv Helga Gulestøl og Helge Gunnar Byrkjeland har hatt ansvar for organiseringa. Desse har vore leiarar: Lars Aarvik, Eli Galtung Torsnes, Lise Marit Fjellås og Per-Egil Refvik og Trygve Myrlid

Komite for Julemessa:
Haldis Bakke og Liv Helga Gulestøl m.fl.

Vedlikehaldsarbeid av bedehuset:
Kjøkkent har fått nye skap og skuffe innreiding, ny oppvaskmaskin, storhushandningskomfyr og kjøkkenventilatorar. Kjøkkenarealet er utvida med at tidlegare eldre toalett er fjerna. Totalt fungerer no kjøkkent meir effektivt og lettar arbeidet. Dette har vore ein betydeleg kostnad for indremisjonen med om lag kr. 420 000,-

Utvendig er den nye delen av huset malt og innvendig overflatebehandla i samband med kjøken.

Forsikringssum i selskapet Knif Trygghet – fullverdi er pr. 01.01.2017: kr. 10 743 641,-

Økonomi:
Totalt er rekneskapen for 2017 gjort opp med eit overskot på kr.58 974,70
I 2016 var det eit overskot på kr. 83 848,29

Totalt er inntekter i heile rekneskapen: kr. 683 967,57 ( kr. 243 776,-) og utgifter med kr. 624 992,87 (183 166,-) Tala i ( ) er tilsvarande tal for 2016.
Det er nytta om lag kr. 300 000,- av fondet i samband med rehabelitering av kjøken og 40 000 frå barne-og ungdomskontoen. Tilskot frå Sparebankstifting – Hardanger til kjøken: kr. 50 000,-

Til Indremisjonen er det kome inn om lag kr.21 800,- (19 000 ) i gåver / medlemspengar og om lag kr.36 839, ( 38 000,- )i kollektar gitt på møteveker og einskild møter. Tala i ( ) er tilsvarande tal for 2016.

Utgiftene til kommunale avgifter og straum må styret arbeida med å redusera
ved å montera vassmålar og varmepumpe nr. 2.
Elles: sjå rekneskapen for 2017 når det gjeld detaljar.

Gåver til Indremisjonssamskipnaden:
Det er sendt gåver frå tilskipingar der talarar frå Indremisjonssamskipnaden har delteke og noko i tillegg frå julemessa, tilsaman: kr. 60 000,- (60 000,- i 2016)

Styret vil retta ei stor takk til trufaste gjevarar. I 2. Kor. 9,7 heiter det: ”Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.”

Internettsida til Jondal Indremisjon har vore i drift sidan 2007. Dette er viktig når det gjeld å nå ut med informasjon om misjonen. Nettsida har informasjon om kva som skjer på bedehuset og annan info. Nettadressa er: www.jondalindremisjon.no . Redaktør er Helge Gunnar Byrkjeland . Det har vore ein del problem med internett sida vår i 2017.
Tilskipingar er og lagt inn Facebook – Folgefonnlandsbyen.

Utleige av bedehuset:
Minnesamvær i samband med gravferder
Fleire dåpsselskap
Jondal sokneråd i samband med konfirmasjonsfest .
Loddefjord menighet 3 leirar / leiarsamlingar
Årsmøte i Jondal KrF og nokre styre- og gruppemøte.

Bygdedugnad: Bedehuset stod for servering av laurdagsgraut.

Styret takkar serleg følgjande personar for tenesta:
Reinhald: Sofie Flatebø
Utleige av huset og vaktmeisterteneste: Svein Johan Bakke / Egil Strømme
Føring av rekneskapen og betaling via nettbank: Berit Hope Byrkjeland
Revisjon av rekneskapen: Audun B. Seiness

I styret (også styre for Jondal bedehus) har desse vore med;
Svein Johan Bakke – formann
Liv Helga Gulestøl – nestformann
Helge Gunnar Byrkjeland – referent
Lise Marit Fjellås – ansvar for kjøken
Egil Strømme ( permisjon frå mai 2017)
1. varam.: Sofie Flatebø (medlem frå mai 2017)
2. varam.: Marit Grethe Bru
3. varamann: Aila Torsnes
I året 2017 har også varamedlemer delvis vore med på styremøta. Dette har vore positivt. Fleire vert kjend med styret sitt arbeid.

Styret har hatt 9 styremøte i 2017 og handsama 55 saker. Dette var same antal saker og møter som året før.

Styret vil takka hjarteleg alle som har delteke i indremisjonsarbeidet.
Må Gud velsigne dykk alle!

Svein Johan Bakke