Jondal Vinglag

Jondal vinglag er Jondal indremisjon sitt barnearbeid.

Me har samlingane våre i Jondal Bedehus om tysdag ettermiddagane. Mellom 8 og 9 samlingar kvart halvår. Det er rundt 20 medlemer (2019).

Hovudleiarar er Haldis Bakke og Liv Helga Gulestøl.

Opplegget på Ving er det same som tidlegare. Vi har samlingsstund, gruppearbeid og felles måltid. Dessutan går vi med borna i bassenget på skulen eit par gonger pr. halvår.

Me opplever at borna trivst på Bedehuset. Dei er svært lyttande under andakten og vi er i bøn om at Ordet må få plass i barnehjarta. Me takkar for forbøn og elles hjelp i arbeidet.